Byggfag Herøy - Bygg & System AS er pilotbutikken i Byggfagkjeda, og den fyrste butikken inn i det nye konseptet som Amaline og samarbeidspartnar Unne E. Andersen har utvikla.
Butikken har eit stort vareutvalg og er på ca 650 kvm.
Bygg & System har bygd på butikken sin fleire gongar, men aldri hatt skikkelig system i butikken sin.
Så no når dei bygde på endå ein gong ønska dei å gjere alt skikkeleg.
Byggfag har slagordet Fagbutikken i Ditt Distrikt, og det er noko som Bygg & System ønsker å drive etter. Dei ønska også ein ryddig, luftig og oversiktleg butikk.
Her kan du sjå både 3D bilder, før- og etterbilder frå butikken.
Amaline har her sått for design, planløysing, vareplassering, materialvalg, 3Dteikningar, interiør og utstillingar.