Karoline & Peter

12.07.2014 var dagen då Karoline og Peter gav kvarandre sitt ja i Herøy Kyrkje.

 

Bryllaupsfesten vart heldt på Breidablikk på Larsnes.

 

Brudeparet ønska att dekorasjonen i bryllaupet skulle gjenspegle dei. Som begge er glade i natur og friluftsliv. Bruda sin yndlingsfarge er blått. Vi velde difor å ta med oss desse elementa i dekoreringa.

 

Det blei brukt bark på invitasjonane, vasar og lysestakar laga brudgommen og forlovaren etter ide frå Amaline. Blomster var i knall blått og kvitt og det blei brukt mykje levande lys som gir ei heilt spesiell stemning!

 

Til dette bryllaupet leverte Amaline:

Design og materiale til invitasjonar

Brudebukett

Knappehullsblomster

Brudepikebukett

Armband med blomster til brudas mor

Kyrkjepynting

Kyrkjeprogram

Borddekorering

Lys

Serviettar

 

Under referansar kan du lese kva brudeparet syntest om Amaline.

 

  • Nydeleg brudepar i fantastisk Sunnmørsk natur! Foto: Fotograf MA
  • Brudebukett i knall blått, akkurat som bruda ønska :)
  • Bordekorering i blått og kvitt med naturlige innslag
  • Sanghefte. Design og trykk: Amaline
  • Bordkorta laga brudeparet sjølv
  • Magisk stemning med så mykje levande lys!
  • Bjørkestubbar blei brukt som vasar :)
  • Telysestakar blei også laga i bjørk
  • Dekor framme i kyrkja